RAMMER OG ROM
Rammer og romUtvikling av toradarspel med utgangspunkt i overføring av låtspel frå hardingfele og fele. Prosjektet rører seg i feltet tradisjonsmusikk i Noreg og Sverige. Det har teke utgangspunkt i dei mest vanlege instrumenta i sjangeren, hardingfela og fela, og kandidaten sitt hovudinstrument, toradar/treradar. Fokus for utforskinga har vore instrumentet, to ulike bygdedanstypar, samspel i duoformat og samspel med dansarar. Temaa har vorte undersøkt gjennom overføring og utøving av låtmateriale i Vestland og Hedmark, komponering av nye låtar og spel med dans. Utforskinga har vorte gjort solo og i samspel med Jeanette Evansson, fele/hardingfele, med Jonas Åkerlund, feler m.m., og med dansarane Håkon Dregelid og Ami Dregelid. Dei forskjellige elementa har påverka kvarandre. Prosjektet har stilt spørsmål som: Kva opplever me er det mest vesentlege i låtspel i dei to musikktradisjonane? Kor er rommet for variasjon? Kva er dei kunstnarlege kvalitetane innan desse rammene? Kva val gjer eg i overføringsprosessen frå hardingfela/fela til mitt instrument? Kva er skilnaden mellom ein låt spelt med dans og ein låt spelt utan dans? Kva gjer spel dansbart? Kva gjer dans spelbar? Kva funksjon har flow i det utøvande arbeidet? Eg har sett og ser eit behov for fleire uttrykksformer på toradar, behov for språk og omgrep om det å spela instrumentet, og eit språk for kva som skjer i samspel med dans. Prosjektet framhevar og utdjupar kvalitetar i sjangeren, og det er desse særeeigne kvalitetane og korleis dei kommuniserer som har vore fokus i prosessen og som har kome måtar fram på ulike i resultata. Gjennom utforsking av eit nyutvikla instrument: ein to-i-ein-treradar, bygd av instrumentmakaren Emmanuel Pariselle, har prosjektet gjeve kunstnarlege resultat i form av eit soloalbum, to duoalbum og eit album spelt inn med dansarar. Eit undervisningsverk i form av e-bok, med lyd og bilde, vart også utvikla undervegs.Refleksjonsdelen av prosjektet består av tekstar som undersøkjer prosessane fram mot dei ulike kunstnarlege resultata, og plasserer prosjektet i ein kunstfagleg kontekst. Tittelen Rammer og rom er inspirert av professor i kulturfilosofi Mikkel B. Tin og viser til det kunstnarlege handlingsrommet som finst innanfor, og vert skapt av rammene i ein tradisjon. keywords:
Authors
- Anette Thorsheim
Publication Details
- Published
- 2026-09-16
- DOI
- https://doi.org/10.22501/kmd-ar.4367809
- Primary Topic
- Diverse Music Education Insights
- Type
- article
- Field-Weighted Citation Impact
- 0.00